67 parti og partiledd misser partistøtta i 2024, medan 24 partiledd får åtvaring
Partilovnemnda har bestemt at 67 parti og partiledd som ikkje hadde oppfylt innrapporteringsplikta for rekneskapsåret 2022, misser den statlege partistøtta i 2024, medan 24 partiledd fekk formell åtvaring fordi rapporten vart levert for seint.
Oversikt over avkortningsvedtaka finn du her, oversikt over partiledd som har fått formell åtvaring finner du her.
Talet på sanksjonsvedtak er vesentleg lågare enn i 2022, da 82 parti og partiledd fekk avkorting og 47 formell åtvaring.