Partilovnemnda

Partilovnemnda er eit uavhengig organ under Kommunal- og distriksdepartementet. Kongen og departementet kan ikkje gi instruks eller endre vedtaka til Partilovnemnda i enkeltsaker.

Partilovnemnda skal bidra til openheit om finansieringa av dei politiske partia ved å: 

  • kontrollere at partia følger reglane om rekneskapsføring, finansiering og rapportering mm. i partilova 17. juni 2005 nr. 102 
  • gje generelle uttaler om tolkinga av lova
  • vedta sanksjonar når reglane ikkje blir følgde
  • avgjere klager på vedtak om registrering i Partiregisteret og tildeling av partistøtte.

Medlemmane i nemnda er oppnemnd for seks år av gongen. Leiaren skal ha dommarkompetanse, medan tre medlemmer vert oppnemnde etter forslag frå ulike politiske parti. Nemnda kan gjere vedtak når minst to tredelar av medlemmane, inkludert leiaren, deltek.

Partilovnemnda pr. 23.08.2024 er: 

Leiar: 

Professor Ragna Aarli (Bergen)

Medlemmar med erfaring med politisk arbeid:

Arbeiderpartiet: Knut Storberget (Elverum)

Rødt: Finn Olav Rolijordet (Gjøvik)

Kristelig Folkeparti: Hans Fredrik Grøvan (Lyngdal)

Andre medlemmar:

Avdelingsdirektør Hege Fjellheim (Karasjok)

Professor Elisabeth Ivarsflaten (Bergen)