Partilovnemnda

Partilovnemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan underlagt Kommunal- og distriksdepartementet. Kongen og departementet kan ikkje gi instruks eller gjere om Partilovnemnda sine vedtak i enkeltsaker. 

Partilovnemnda skal bidra til openheit om finansieringa av dei politiske partia ved å

  • kontrollere at partia følger reglane om rekneskapsføring, finansiering og rapportering mm. i partilova 17. juni 2005 nr. 102 
  • gje generelle uttaler om tolkinga av lova
  • vedta forvaltningssanksjonar når reglane ikkje er følgde
  • avgjere klager på vedtak om registrering i Partiregisteret, og om tildeling av partistøtte. 

Medlemmane i nemnda er oppnemnd for seks år av gongen. Leiaren skal ha dommarkompetanse, medan tre medlemmer vert oppnemnde etter forslag frå ulike politiske parti. Nemnda kan gjere vedtak når minst to tredelar av medlemmane, inkludert leiaren, deltek.